Sett, avslørt og elska

Søndag 29. april skal alle 104 konfirmantane i Stryn og Hornindal kommunar framføre ein spennande sjølvlaga musikal som heiter Sett, avslørt og elska. Musikalen blir vist i Stryn kulturhus.
Det vert to framsyningar. Ei kl. 18 og ei kl. 20. Bilettar får du kjøpt på kulturhuset. https://ebillett.no/strynkulturhusogkino 

Konfirmantane har jobba med musikalen nokre helgar og gler seg til å framføre for publikum.

Temaet for musikalen er nåde, og det blir presentert gjennom dans, drama, song, PR, og scene

I korte trekk handlar musikalen om utfrysing og ete forstyrringar, men mest av alt handlar den om å bli sett av andre.

26.04.2018