Har du lyst til å jobbe i Den Norske Kyrkja i Stryn med trusopplæring for born og unge?

Stryn kyrkjelege fellesråd og Hornindal sokneråd har 2 ledige stillingar i trusopplæringa, med samla stillingsomfang på 160%. 
Prosentfordeling mellom dei to stillingane vil i løpet av tilsettingsprosessen bli avgjort i samråd med aktuelle søkarar.

Til gjennomføring og vidareutvikling av dette arbeidet treng vi fleire medarbeidarar og søkjer etter deg som vil engasjere deg i kristent barne- og ungdomsarbeid, - gjerne med erfaring frå liknande arbeid. Kyrkjelydspedagogen og kyrkjelydsarbeidaren arbeider tett med dei andre i staben, med kateketen som fagansvarleg og arbeidsleiar. Noko arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast. I samråd med dei som blir tilsett, vil arbeidsoppgåvene bli konkretisert i eigen stillingsomtale.

Arbeidsoppgåver:

  • Marknadsføring og gjennomføring av tiltak i trusopplæringsplanen
  • Konfirmantarbeid i samarbeid med kateket og prest.
  • Delta på gudstenester i samband med trusopplæringstiltak.
  • Delta i skule- og barnehagesamarbeidet.
  • Oppfølging av frivillige medarbeidarar.

Kvalifikasjonar:

  • Til pedagogstillinga søkjer vi primært etter personar med kristendomsfagleg og pedagogisk utdanning.
  • Søkjarar med annan bakgrunn vil bli vurdert og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • For begge stillingane legg vi vekt på erfaring frå kyrkjelydsarbeid, evne til kommunikasjon med barn og unge, og gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver.
  • Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Arbeid i team.
  • Løn i samsvar med sentrale avtalar og pensjonsordning.
  • Køyregodtgjersle etter fastsett regulativ.
     

    Annet

    Dei som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det er krav om å kunne norsk språk, munneleg og skriftleg. Målforma i Indre Nordfjord er nynorsk. Ein må disponere bil i tenesta. Ved tilsetjing må ein legge fram barneomsorgsattest frå politiet.Kyrkjekontoret sentralt i Stryn er dagleg arbeidsplass. Arbeidsgjevar er Stryn kyrkjelege fellesråd, representert ved kyrkjeverja i Stryn. Kyrkjeleg fellesråd er behjelpeleg med å skaffe bustad.

           Søknadsfrist: 09.05.2018

           Søknadsskjema finn de på https://www.jucan.no/ledige-stillinger/Den-norske-kirke-Stryn-kyrkjelege-fellesråd/HR/3793125942?asidx=3&asid=1

 

Kommunane Stryn og Hornindal ligg innerst i Nordfjord i vakker og variert natur, med rikeleg høve til friluftsliv sommar som vinter. Næringslivet består av landbruk, sevice-næring, variert industri, og ikkje minst turisme.

Stryn kyrkjelege fellesråd og Hornindal sokn ligg i Nordfjord prosti og utgjer eit felles tenesteområde for Indre Nordfjord. I tenesteområdet er det 9 sokn. Her er tre prestar og kateket i full stilling. Vi samarbeider godt på tvers av yrkesgrupper og sokn. Konfirmantarbeid er felles for sokna med om lag 100 konfirmantar fordelt på fleire grupper, med aktivitetsbasert metodikk og undervisning i friluft. Godkjend felles trusopplæringsplan 0-18 år er i godt inne i opptrappingsfasen, og vi samarbeider med søndagsskulen og einingar av Norges KFUK/M og Normisjon.

24.04.2018