Velkommen til dåp

For å avtale dåp, tek du kontakt med eit av dei tre kyrkjekontora.


 

Dåpssamtalen:
Ring gjerne tidleg å avtale kva for gudsteneste som er best eigna til dåp, og når det høver med dåpssamtale. Dåpssamtalen er anten i heimen eller på prestekontoret, og presten vil gjerne møte begge foreldra.

Dåp i anna kyrkje enn der ein bur:
Det er greitt å velje å ha dåpen på ein annan plass enn der familien bur for tida. Då er det vanleg å ha kontakt med kyrkjekontoret både der ein bur og der ein ynskjer å ha dåp. På dåpsstaden vil det kunne avtalast kva for dag det passar med dåp, og det vil vere naturleg med ei kort innføring i lokale skikkar i kyrkja. Dåpssamtalen er det rettast å ha i kyrkjelyden der ein bur.

Namneval:
Dåp og namngjeving er to forskjellige ting. I dåpen tek Gud barnet inn i si kristne kyrkje.Namnet er noko foreldra avgjer anten barnet skal døypast eller ikkje. Difor får foreldre eit skjema for val av namn frå folkeregisteret. Vi bed om at dette skjemaet vert fylt ut i god tid før dåpssamtalen og send til folkeregisteret.

Du kan og lese meir om dåp på nettsidene til Den norske Kyrkja.

 

Ofte stilte spørsmål

  • Kven kan bli døypte?
    Alle kan bli døypte, og ein kan bli døypt når som helst i livet. Det vanlegaste i Den norske kyrkja er at barna blir døypte før dei er eitt år. Somme blir døypte i samband med konfirmasjon.
  • Kva vil det seie å vere fadder?
    Under dåpshandlinga seier presten at foreldre og fadrar skal vere vitne om at barnet er døypt, og medverke til at barnet blir oppseda i den kristne trua. Å ta med barnet til ein av dei mange barneaktivitetane i kyrkja er ein fin måte å gjere dette på, like eins å be for barnet. Å vere fadder er for mange eit heidersoppdrag.
  • Kven kan vere fadrar?
    Alle som er over 15 år og godtek kristen barnedåp, kan vere fadrar. Det er foreldra som avgjer kven som skal vere fadrar. Det er vanlegast å velje blant familie og venner. Den som skal døypast, må ha minst to fadrar. Foreldra kan ikkje vere fadrar.
  • Kva er ein dåpssamtale?
    Når dåpsdagen nærmar seg, vil presten eller ein annan i den lokale kyrkja ta kontakt med deg/dykk for å avtale tid og stad for ein dåpssamtale. Somme gonger er det ein individuell samtale, andre gonger er det ein gruppesamtale med fleire dåpsforeldre. Dåpssamtalen handlar om kva dåpen er, kva som skjer på dåpsdagen, og dei verdiane som følgjer i kvardagen. Du kan stille alle spørsmål du har om dåp, tru og kyrkja.
     
  • Kva skjer i kyrkja under dåpen?
    Dåpen er som regel tidleg i gudstenesta. Først blir det lese frå Bibelen om kvifor vi døyper barna våre. Vi les truvedkjenninga høgt saman og syng ein dåpssalme. Det blir tømt vatn i døypefonten, og presten ber ei bønn for det som skal skje. Dåpsfamilien kjem fram til døypefonten, og ein i følgjet tek dåpslua av dersom barnet har ei slik. Presten spør den som ber barnet, kva barnet heiter. Så «teiknar» presten ein kross over barnet og auser deretter tre handfuller med vatn over hovudet til barnet og seier: «Eg døyper deg til namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande.» Det blir tent eit dåpslys som familien får med seg heim. Mange stader blir barnet lyfta opp og presentert for kyrkjelyden – som blir beden om å ta godt imot den døypte. Dåpshandlinga blir avslutta med at presten oppmodar foreldre og fadrar om å be for barnet, lære det sjølv å be og bruke Bibelen og nattverden.
     
  • Kven kan bere barnet?
    Det er vanleg at ein av foreldra eller ein av fadrane ber barnet til dåpen. Dette er valfritt, ein annan kan òg gjerne bere barnet, for eksempel bestemor eller bestefar.
     
  • Kva er ei gudmor / ein gudfar?
    Mange bruker tittelen gudmor/gudfar på den som ber barnet i dåpsseremonien. Foreldra avgjer sjølve om dei vil bruke denne tittelen. Kven som er gudmor eller gudfar, blir ikkje registrert i det kyrkjelege registeret.
  • Kva har ein på seg i dåpen?
    Det er ingen reglar for kva foreldra og fadrane skal ha på seg. Det er vanleg at ein stiller pent kledd. Barnet har som oftast dåpskjole og dåpslue, det er heilt valfritt.
  • Må ein ha dåpsfest?
    Noko av det fine med dåpsfesten er at det ikkje finst reglar for korleis han skal arrangerast. Det er opp til foreldra til barnet om dei vil ha ein fest, og korleis festen skal vere. I mange familiar er dåpsdagen eit framifrå høve til å samle slekt og venner til fest for å feire barnet. 
     
  • Kva er forholdet mellom dåp og konfirmasjon?
    Dåp og konfirmasjon heng saman. For å bli konfirmert må ein først vere døypt. Konfirmasjon kjem frå det latinske ordet «confirmare», som tyder å stadfeste og styrkje. I konfirmasjonen stadfestar Gud lovnaden som vart gitt i dåpen. Alle kan delta i konfirmasjonstida. Samtidig er dåpen ein føresetnad for å delta i den avsluttande konfirmasjonen. Dersom ein ikkje er døypt, kan ein bruke konfirmasjonstida til å finne ut om ein ønskjer dåp.

01.05.2018